Eit feitt liv

 “Ronny tenker ikkje på slanking og diettar. Han er frisk og har på 13 år i NRK ikkje hatt ein sjukedag. Har han funne oppskrifta på det gode liv?” – Episode 1, “Eit feitt liv”.

Ronny er karen det er umogleg å mislike. Den joviale mannen frå Førde er mest kjendt for å være programleiar for NRK P3 Mårgon, eit radioprogram som har hausta ein stor suksess med Ronny som hovudmaestro framføre mikrofonen.

Episoden blir innleia med at Ronny pratar om sin livsstil med vener & kollegaer over sin favorittdrikk øl, og mykje av praten går ut på om hvorvidt han bør ta i eit tak for helsa si skyld. Ronny skal snart bli far, noko som har ført til at han har begynt å tenkje ekstra over valga han gjer i livet kring eigen kropp.

Men Ronny elskar sitt nåværande liv. Dette vil han ikkje gi slipp på. Han skal derimot gi det eit forsøk.

“Helse er ein tilstand av fullstendig fysisk, mental og sosial velvære og ikkje berre fravær av sjukdom eller svakhet.” (1)


Kan vi legge god helse berre på vaner kring kost? Der er nemleg enkelte plassar i verda der befolkninga lev lenger enn forventa – såkalla “Blå Soner” (2). Merk at dette er observasjonsstudier og ikkje randomisert kontrollert studier.  Det som kjenneteikner desse landa er:

  • Dei har ein aktiv livsstil.
  • Dei har gode sosiale relasjonar.
  • Dei engasjerar seg, og livet har ei meining.
  • Dei et ein kost som er plantebasert.
  • Dei et mat i moderasjon.
  • Dei får nok eksponering av sol.

Om det er noko Ronny er god på så er det å ha eit rikt sosialt liv med folk han er glad i og ein jobb han elskar. Dette vil truleg spele ei positiv rolle for helsa.  Det å være heldig med loddet frå det genetiske lotteriet vil også telle i favør.

Men det er her likheita stopper opp. Og Ronny er forsatt relativt ung. Sjølv om han ikkje har problemer nå betyr det ikkje at han kan få det – spesielt når han er i ei risikosone.

Overvekt – Ein byrde for samfunnet?

Harald Eia har ein gjesteopptreden i denne episoda, der han framlegger statistikk på kva overvekt & fedme kostar samfunnet. Han har seinare beklaga den krasse spissformuleringa:

“Programskaperne hadde bedt meg om å seie noko til Ronny i fyrste episode som kunne gi Ronny motstand, sette ein støkk i han og gi programmet fart og retning, forteller Eia, og fortsetter:

Ronny har lenge levd etter ein nytelsesfilosofi: det må være lov å kose seg. Min oppgåve var på ein morosam måte å vise han at hans valg ikkje berre er ein privatsak. (3)


Hovudpunkt om overvekt og fedme henta frå fhi (4):

  • Overvekt betyr kroppsmasseindeks (KMI) mellom 25 og 30 kg/m2. Fedme betyr KMI på 30 kg/m2 eller over. Det er fyrst og fremst fedme som er forbunde med auka helserisiko.
  • Til saman har mellom 15 og 20 prosent av barn overvekt eller fedme (om lag eitt av seks barn). Det er teikn til at utviklinga har flata ut.
  • Til saman har 1 av 4 ungdomar (cirka 25 prosent) overvekt eller fedme. Det er teikn til at andelen aukar.
  • Om lag 1 av 4 menn og 1 av 5 kvinner i aldersgruppa 40-45 år har no fedme. Andelen har auka dei siste 40 – 50 åra. I tillegg kjem andelen med overvekt.
  • Den samla andelen med overvekt og fedme varierer etter landsdel og utdanningsnivå.
  • Høg KMI medverkar til cirka 2400 årlege dødsfall i Noreg og truleg mange tilfelle av hjarte- og karsjukdom, diabetes og andre kroniske sjukdomar.

Overvekt er meir komplisert enn det du trur!

Det å kalle overvekt & fedme for egoisme blir lite nyansert.

Genetikk spelar ein viktig rolle i overvekt, og ser ein på for eksempel på ein studie av Bouchard & kollegaer frå 1990 (5) så fant ein vesentlege forskjellar mellom lagring av feitt og vektoppgang ved same kcals overskot mellom tvillingpar og mindre forskjellar innad. Variasjonen mellom par kunne være opp til 3 gongar så stor mot innad, noko som kan tyde på genetiske forskjellar.

Der vil være eit komplisert samspel mellom oppvekst, opplevelsar, miljø & genetikk, noko som gjer at ein problemstilling som overvekt kan være krevjande.



Når det er sagt så vil ikkje nødvendigvis genetikk gjere det einstemt om du skal bli eller forbli overvektig. Det er derimot viktig å ha forståelsen for at det kan være langt meir krevjande for enkelte individ enn andre.

Ronny møter Thomas

På slutten av programmet møter Ronny tidlegare “The Biggest Loser” deltakar Thomas. Programmet går ut på å få overvektige deltakarar til å miste vekt fortast mogleg. Nevnte Thomas droppa 43kg på eit halvt år. Sjølv etter det han oppnådde var han ikkje tilfreds. I ettertid har kiloane sneket seg på igjen, men han er meir tilfreds med livet i dag enn den gong, sjølv om han var lettare. Det som også er verdt å nevne er at Thomas, basert på observasjon, har lukkast med å stabilisere ein vekt i ettertid som er lavare enn det han hadde på programmet.

Den indre dialogen verkar å være betre, og det er mindre sjølvforakt. Ein kan tydeleg sjå ein forandring i tankesett, der motivasjonen er drevet meir internt enn eksternt. Forskjellen ved det er at når motivasjonen er internt drevet vil ein gjere det basert på at ein sjølv vil, likar og gjer deg personleg tilfreds. Når motivasjonen er eksternt drevet baserer du det på annerkjennelse frå andre enn deg sjølv. Evnen til etterlevele fysisk aktivitet & valg som gagner helse vil truleg være betre når motivasjonen er internt drevet.

The Biggest Loser Study

I ein studie utført på 14 deltakar frå “The Biggest Loser” var formålet å sjå hvorvidt det skjedde endringar i kvileforbrenning og kroppssamansetning 6 år i etterkant av tv-programmet. (6) Vil rask vektnedgang “øydeleggje” forbrenninga og kva vil dette seie for deg som ynskjer å gå ned i vekt?

For deg som ikkje er familiær med “The Biggest Loser” konseptet:

  • Når programmet startar er deltakarane sjukeleg overvektige.
  • I løpet av 30 veker blir dei leda og coachet av eigne trenarar og legar.
  • Deltakerane følgjer ein diett på kring 1200 kcals per dag.
  • Deltakerane gjer minst 90 minutter med intens trening per dag, 6 dagar i veka.
  • Når showet er ferdig, går deltakarane tilbake til sitt verkelege liv.
  • Ingen oppfølging kva angår trening & kost i etterkant.

Deltakarane blei testa i forkant av programmet 2009 og i etterkant i 2015. Her samanlikna ein resultata. Vi tar vekt fyrst:



Der skjedde også forandring i kvileforbrenning:



Det er verdt å nevne at kvileforbrenninga var kring 500 kcals lavare enn estimert basert på kroppsvekt. Ein konklusjon som desverre har blitt dratt frå denne studien er at rask vektnedgang ikkje er effektivt og vil være skadeleg på sikt. Deltakarane blei som tidlegare nevnt ikkje følgt opp av fagpersonell i etterkant av programmet, sjølv om enkelte deltakarar sa at dei følgte opplegg både for trening og kost i etterkant. Desverre er det slik at vi menneskje ikkje er spesielt presise når det kjem til sjølvrapportering av matinntak, noko som gjer at vi må ta slikt data med ei klype salt.

Forandringane i kvileforbrenning er forsatt svært interessante:

Sjølv om deltakarane var større seks år seinere, brente dei ikkje særleg meir kalorier i kvile. I teorien vil ein med meir muskelmasse vil også forbrenne meir, men ikkje mykje. Her skjedde det ikkje voldsamt med forandringar. Kanskje ikkje rart, da du vil forbrenne kring 14 kcals per 1kg aukt muskelmasse. Når det kjem til metabolske tilpasningar så har dette ein tendens til å bli reversert ved høgare inntak av mat/kcals og ved aukt vekt, men dette skjedde ikkje i denne studien etter 6 år. Spontanaktivitet som stå og gå blir redusert som eit tiltak for å spare energi, noko som er naturleg ved eit diettforløp.

Hos ein inaktiv person så vil kvileforbrenninga utgjere majoriteten av energiforbruket og være kring 70%. NEAT utgjer 15% av energiforbruket for ein inaktiv person (7). NEAT er derimot den variabelen som kan variere mest mellom «vanlige personer».

Genetikk vil spele sin rolle kva angår responsen i NEAT i etterkant av eit måltid, samt scenarioer ved diett eller overeting. Ved lengre tid i underskot så skjer der tilpasningar i NEAT i form av redusert aktivitet som tiltak for å spare energi. Dette kan være ein av fleire grunnar til at vektnedgang stopper opp.

Din jobbkvardag vil mao ha sin innvirkning på det totale energiforbruket og NEAT da ein meir aktiv kvardag vil bidra til eit større energiforbuk. Det gjer at det fort kan skilje frå 100-600 kcals i forbruk mellom ein inaktiv mot aktiv kvardag, og truleg kan det være enda større forskjellar.

Der skjedde også forandringer i leptin-konsentrasjonane. Nivåa av leptin steig ved aukt feitmasse, noko som er å forvente, men nivåa var forsatt lavare enn i forkant av programmet. Leptin er eit hormon som blir produsert i feittvevet og som deltar i regulering av kroppsvekta. (8) Eit problem som kan oppstå som kanskje kan forklare noko av vektoppgangen er om kvileforbrenninga er senkt, samtidig som ein følgjer kroppen sine signal på hunger & metthet, vil ein ende opp med å ete meir enn behovet.

Kva gjer deltakarane utenom?

Vi veit særdeles lite om livet utenom programmet. Som tidlegare nevnt i posten: Der er ein heil rekkje faktorar som kan påverke både inntak og forbruk.

  • Basis kunnskap. I programmet følgjer ein blindt eit regime med kost og trening. Ein aukar ikkje nødvendigvis kunnskap om trening og kost. I tillegg så er ikkje opplegget foreneleg på sikt og det vil være umogleg å etterleve over lengre tid.
  • Kva type mat blei prioritert i etterkant av programmet? Prosessert eller mat frå grunnen av?
  • Kva vedkommande har å stri med i sin kvardag.
  • Deira oppvekst & miljøet rundt.



Oppsummering:
1. Helse er multifaktorielt.

2. Overvekt er ein meir komplisert problemstilling enn du trur.

3. Genetikk spelar sin rolle for overvekt, men vektnedgang er ikkje umogleg.

4. Internt drevet motivasjon er betre enn eksternt drevet.

5. Aggressiv vektnedgang over lengre tid kan ha følgjer.

6. Oppfølging og støtte rundt er viktig.

7. Det er lettare å gå ned i vekt enn å beholde ein ny vekt. Derfor er det å vedlikehalde ein ny kroppsvekt ein viktig målsetning i seg sjølv og strategier samt tankemønster kring det bør være eit fokus langsiktig.

8. Vi må ha forståelse for kvardagen til den enkelte og sjå heile mennesket.

Kjelde:

1. https://www.who.int/about/who-we-are/constitution

2. https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pmc/articles/PMC6125071/

3.https://www.dagbladet.no/kultur/harald-eia-beklager-fedmepreik/73678289

4.https://www.fhi.no/nettpub/hin/ikke-smittsomme/overvekt-og-fedme/#referanser

5. https://www.nejm.org/doi/full/10.1056/NEJM199005243222101

6. https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/27136388/

7.https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pmc/articles/PMC4428382/

8. https://sml.snl.no/leptin


Skroll til toppen