BMI: Ubrukeleg verktøy?

Du har sikkert høyrt om BMI i ein eller anna samanheng. Om det var i frå tante i sist konfirmasjon, eller gjennom ein knallhard beskjed frå legen etter litt for mange feriar med all-inclusive.

KVA er BMI/KMI?

BMI (Body mass index) eller KMI (kroppsmasseindeks) er på eit generelt grunnlag eit greit mål for mengden kroppsfett ein person har.
KMI er definert som: KMI = vekt(kg) / høyde(m)2

KMI ≤ 16: undervekt grad 3
KMI ≤ 17: undervekt grad 2
KMI ≤ 18,5: undervekt grad 1
KMI 18,5-25: normal vekt
KMI ≥ 25: overvekt
KMI ≥ 30: fedme
KMI ≥ 35: alvorlig fedme
KMI ≥ 40: svært alvorlig fedme
Tabell over undervekt, normal vekt, overvekt, fedme (1).

KMI er eit enkelt verktøy for å kartlegge hvorvidt kroppssamansetninga er meir eller mindre sunn. Oss menneskje kjem ut skaparhullet i ulike størrelsar og fasongar. Nokon er høge, nokon er korte. Nokon er utrente, andre er godt trente. Det gjer at det kan oppstå eit overvekt-paradoks, der vi har tilsynelatande friske individ med over gjennomsnittleg mengde muskelmasse som då kjem under kategorien overvektig, og i ekstreme tilfeller fedme-spekteret.

Samtidig kan vi ha personar som havner i dei nedre kategoriane i KMI, men som har dårleg kroppssamansetning, det vil seie lite muskelmasse og meir feittmasse. Det er her begrepet “tynnfeit” kjem frå.

Det er derfor KMI også har fått ein del kritikk. Der KMI ikkje er perfekt, så gir det eit visst mål på “ståa”. Normalområdet ved KMI er assosiert med lavare risk for tidleg død.

muskelmasse: ein investering i helse

I ein studie frå Abramowitz & kollegaer (2) ville ein sjå om mengden muskelmasse påverka helse og dødelighet. Dette var ein kohortstudie med 11 687 deltakar. Det blei utført målingar med DEXA-skanning for spesifikt mål for muskelmasse & feitmasse, samtidig som KMI blei tatt med i betraktninga.

Ikkje spesielt overraskande kunne ein sjå at mengden muskelmasse hadde ein påverkning på helsa, men det som var ekstra interessant med studien var at risikoen for død var lavare i nesten alle KMI-kategoriane om du hadde eit visst nivå av muskelmasse.

I grafen over kan vi sjå risiko i dei ulike kategoriane for KMI (BMI). Her ser vi ein høgare risiko i sona for lavare KMI (18,5-<22). Grunnen til dette er at dei vil ha ein lavare mengde total muskelmasse. Overvekt er naturlegvis ikkje bra, men det å være undervektig er ein réell risikofaktor.

Ein ser også at om du beholder muskelmassen på ein høgare feittvekt vil det senke risikoen for helseproblem. Mister du derimot muskelmasse på ein høg kroppsvekt så aukar det helserisikoen betrakteleg.

Med andre ord, muskelmasse er ein solid helseinvestering. Om du ser det i speilet eller ei!

Om vi oppsummerar det

  1. KMI/BMI er på eit generelt grunnlag ein grei indikator kva gjelder kroppsvekt og feittmasse.
  2. Enkelt og praktisk. Ein må sjå det heile bilete for å kartlegge helsetilstand.
  3. Atletisk populasjon med over gjennomsnittleg muskelmasse vil KMI ikkje være like presist hos.
  4. Muskelmasse er IKKJE jåleri, men ein helseinvestering.
  5. Helserisiko betrakteleg redusert med ein viss mengde muskelmasse hos alle kategoriane kva angår KMI.
  6. Lav mengde muskelmasse aukar helsefaren.

Kjelder:
1. https://nhi.no/skjema-og-kalkulatorer/kalkulatorer/diverse/bmi-kalkulator-kroppsmasseindeks/
2. Abramowitz MK, Hall CB, Amodu A, Sharma D, Androga L, Hawkins M. Muscle mass, BMI, and mortality among adults in the United States: A population-based cohort study. PLoS One. 2018 Apr 11;13(4):e0194697. doi: 10.1371/journal.pone.0194697. Erratum in: PLoS One. 2018 May 24;13(5):e0198318. PMID: 29641540; PMCID: PMC5894968.

Legg inn en kommentar

Skroll til toppen