
Intuitiv eting (1) er ein måte å ete på som ikkje begrenser kva type mat du kan ete, noko som krever at du har ein opparbeidet evne til å “lytte til kroppen din”. På denne måten vil du kunne skille mellom réell svolt og når du føler trang.
Her vil det være ein forskjell mellom maten kroppen din trenger for å kunne fungere i kvardagen, og maten du vil ha av følelsesmessige årsakar.
Intuitiv eting som begrep kom fyrst fram i 1995 (1) og kan bli beskrevet på følgande måte (2):
- Å stole på kroppen sine sult- og metthetssignalar. Ein opparbeidet evne til å vite når du skal ete og når du skal stoppe.
- Ingen strenge regler over deg sjølv. Ein ubetinga tillatelse til å ete det du vil når du er sulten og unngår å sette matvarar i bås som “dette er forbundt å ete”.
- For det meste ete av fysiske grunnar i stadet for følelsesmessige eller sosiale årsakar, mesteparten av tiden. Merk at emosjonell eting i seg sjølv ikkje nødvendigvis er noko negativt, med mindre ein ikkje har kontroll over det og handlingsmønsteret i etterkant.
Det å ete intuitivt er assosiert med bedre sjølvtillit og kroppsverdi, men også assosiert med mindre negative psykologiske trekk som bekymring av vekt, form og emosjonell eting. (3)
Akseptmodellen for intuitiv eting

Akseptmodellen for eit intuitivt etemønster blei designa for å forutsjå utvikling av atferd kring intuitiv eting (4).
Det kjem meir og meir forskning på forholdet mellom intuitiv eting og psykologiske faktorar. Det store spørsmålet er derimot nytteverdi og validiteten av akseptmodellen for intuitiv eting. Det har derimot vore eit behov for analyse av litteraturen for å kartlegge dette.
I ein ny metaanalyse sjekka ein nettopp dette (3). I denne studien undersøkte ein 97 studier. 92 av dei 97 studia var tversnittbaserte, noko som gjorde at analysene var basert på tverrsnittsamanhenger. I 5 prospektive studier blei derimot baseline-data analysert av forfattarane. Formålet med metaanalysen var å sjekke ut følgande:
- Teste gyldigheten til akseptmodellen.
- Sjekke assosiasjonar mellom intuitiv eting og psykologiske konstruksjonar.
- Kartlegge om resultata blei påverka av kjønn, alder, kroppsvekt, etnisitet eller tilstedeværelse av ein eteforstyrrelse.
Kva fant dei?



Denne metaanalysen bygger under evidens for bruk av akseptmodellen. Kvar assosiasjon spesifisert i den opprinnelege modellen var statistisk signifikant. Unntaket var effekten av ubetinga aksept frå andre på kroppsfunksjon, som ikkje var signifikant.
Konklusjon
Det har sidan 2000-tallet vore ein rekke ulike studier som vurdert tilknytning mellom intuitiv eting, trivsel og mental helse. Dei fleste av desse studiene har vore tverrsnittsstudier, noko som gjer at vi ikkje kan konkludere – det er ein assosiasjon. Det gjer evidensen noko begrensa når det kjem til direkte årsakssamanheng. Eit individ med senkt mental helse vil kanskje ikkje ete intuitivt i utgangspunktet?
Det ein derimot kan sjå gjennom nyare studier ar at høgare nivå av intuitiv eting er assosiert med lavare forekomst av psykopatologi og psykologisk stress over tid. (5,6)
Kjelder:
- Gast J, Hawks SR. Weight loss education: the challenge of a new paradigm. Health Educ Behav. 1998 Aug;25(4):464-73. doi: 10.1177/109019819802500405. PMID: 9690104.
- Tylka TL, Kroon Van Diest AM. The Intuitive Eating Scale-2: item refinement and psychometric evaluation with college women and men. J Couns Psychol. 2013 Jan;60(1):137-53. doi: 10.1037/a0030893. PMID: 23356469.
- Linardon J, Tylka TL, Fuller-Tyszkiewicz M. Intuitive eating and its psychological correlates: A meta-analysis. Int J Eat Disord. 2021 Jul;54(7):1073-1098. doi: 10.1002/eat.23509. Epub 2021 Mar 30. PMID: 33786858.
- Avalos, L. C., & Tylka, T. L. (2006). Exploring a model of intuitive eating with college women. Journal of Counseling Psychology, 53(4), 486–497. https://doi.org/10.1037/0022-0167.53.4.486
- Richards PS, Crowton S, Berrett ME, Smith MH, Passmore K. Can patients with eating disorders learn to eat intuitively? A 2-year pilot study. Eat Disord. 2017 Mar-Apr;25(2):99-113. doi: 10.1080/10640266.2017.1279907. Epub 2017 Feb 2. PMID: 28151055.
- Hazzard VM, Telke SE, Simone M, Anderson LM, Larson NI, Neumark-Sztainer D. Intuitive eating longitudinally predicts better psychological health and lower use of disordered eating behaviors: findings from EAT 2010-2018. Eat Weight Disord. 2021 Feb;26(1):287-294. doi: 10.1007/s40519-020-00852-4. Epub 2020 Jan 31. PMID: 32006391; PMCID: PMC7392799.